Forrykande oppvekstroman full av absurditetar.Hovudpersonen i romanen er blitt like gammal som Bert Bobsey, den eldste Bobsey-tvillingen. Rundt hovudpersonen og familien skjer det dramatiske og kvardagslege ting, mystiske sekter gjer seg gjeldande, verda blir som ny, og draumar blandar seg med røyndommen. Sommaren 1964 blir den lengste i manns minne, brått skjer eit uforklarleg dødsfall, og mangt tyder på at året 1964 aldri skal ta slutt.Som vanleg bevegar Hovland seg mellom ulike populærkulturelle fenomen, som musikk og film, i ein forrykande oppvekstroman som overgår det meste. Boka tek pulsen på året 1964 og var nominert til P2-lyttarane sin romanpris. Sagt om 1964:«Haustens mest sjarmerande roman. [...] romanen er temmeleg fjern, og dermed ganske så nær på den måten berre god litteratur kan vere det.» - Marta Norheim, NRK«Hovland har et glitrende grep om dette spennet mellom det universelle og det hverdagslige. [...] Romanen lyser av deilig skarpt smidde setninger og dialoger.» - M