I to år bar eg med meg ei svart bok, ei bok full av små vers. Det å brått kome i overgangsalderen sette støkk i meg; eg gjekk litt i kjellaren. Som trøyst byrja eg å skrive små tekstar i svarteboka mi. Det rare er at boka ikkje er tung og trist. Dei alvorstunge tankane vart i staden til lyse og litt sprudlande, lette vers - nett som eit glas prosecco. Så kjære lesar, her er proseccolyrikkboka di, ver så god!