menu-bar All the categories

350,00 kr 304,00 kr

Det er ikkje få frivillige timar som kvart år blir lagt ned på dugnadsbasis for å ta vare på- og halda i drift ulike veteranfartøy, alt frå mindre fritidsbåtar og ferjer, til større passasjer- og lastebåtar. I Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har det etter kvart utvikla seg eit rikt og variert miljø innan fartøyvern. Båtane er i aktiv bruk sommarhalvåret og deltek på ulike festivalar og arrangement. For mange er dei blitt eit kjært maritimt gjensyn frå tidlegare tider. I denne boka finn du eit representativt utval av fartøy frå dei tre fylka. Fleire båtar hadde fortent omtale men me vonar likevel at det blir gitt eit innblikk i det mangfaldet som finst innan fartøyvernet, og at me kan få synleggjort noko av det enorme dugnadsarbeidet som er lagt ned i å ta vare på fartøya.