menu-bar All the categories

249,00 kr 198,00 kr

Er eit andrespråk like vanskeleg å tileigne seg uansett kva morsmål innlæraren har, eller er det slik at strukturlikskapar mellom morsmålet og målspråket spelar ei rolle? Kan morsmålet til innlæraren påverke tempoet i tileigningsprosessen, og kan morsmålet ha noko å seie for kor dugande ein innlærar til slutt blir? Denne boka tar utgangspunkt i morsmåla til to av dei største minoritetane i Norge i dag, polakkar og tyskarar. For å få fram kva utfordringar polske og tyske innlærarar står overfor i møte med norsk setningsstruktur, blir verbalsyntaksen i norsk, tysk og polsk samanlikna. Hovudfokus ligg på inversjonsregelen, eit trekk ved norsk syntaks som skal vere vanskeleg å tileigne seg for andrespråksinnlærarar. Boka er mynta på studentar i norsk som andrespråk og lærarar som underviser utlendingar i norsk på alle nivå i skolesystemet. Men også andre med interesse for kontrastiv grammatikk vil kunne lese ho med stort utbytte. Roy G. Tveit, f. 1963, er utdanna lektor i språkfag, med and