A New Scoop er eit læreverk i engelsk for 5.-7. trinn. Grunnbøkene i A New Scoop er temabaserte med tekstar som legg til rette for tilpassa undervisning både når det gjeld læringsmetodar og nivå. A New Scoop 5 Teacher's Guide er ein oversiktleg og brukarvennleg ressursperm med mange gode og varierte pedagogiske idear og forslag til tilpassa opplæring, differensiering, leikar, spel og kommunikative aktivitetar. Her er også grundig bakgrunnsinformasjon til kvart tema. A New Scoop 5 Teacher's Guide har forslag til Pre-work activities, Working with the textbook og Follow up-activities. A New Scoop 5 Teacher's Guide er ein ressursbank for lærarar som vil gjere arbeidet med engelsk spennande, variert og inspirerande. Her finn du og kopieringsoriginalar og notar til alle songane.