Aha! Begripe med omgrep B byggjer på prinsippa i Systematisk omgrepsundervisning, som er nyttig for alle og inkluderer alle. Her blir åtte grunnleggjande omgrepssystem presenterte i ei gjennomtenkt rekkjefølgje. Omgrepa vil fungere som gode reiskapar når elevane skal observere, samanlikne, kategorisere og beskrive, og når dei skal lese, skrive og rekne.