menu-bar All the categories

429,00 kr

I denne boka har ein lagt vekt på å vise spennvidde og variasjon ved den norske langeleiken. For fyrste gong har forskarar undersøkt langeleik materialet i heile Noreg. Gjennom feltarbeid og systematisk tilnærming til det eldste materialet - og ei rekke andre kjelder - har ein greidd å avdekke mangfald i konstruksjon og utforming, dekorasjon og stil ved eit elles lite kjend musikkinstrument. Slik blir vi aller mest kjende med ein handverkstradisjon der musikken åleine ikkje har vore målet, men som i staden uttrykkjer ein brei, allsidig og folkeleg til.nærming til ei rekke kunstariske uttrykksformer.

Ein har lagt vekt på å setje materialet inn i kjende kulturhistoriske, musikkhistoriske og organo-logiske samanhengar, og ein har dokumentert prosessar og fenomen som ein tidlegare ikkje har greidd å sjå i samanheng. Det er eit mål med boka at ho skal inspirere til vidare forsking, men aller mest framhald av produksjon av langeleikar. Slik håpar vi å vidare.føre ein stolt og ubroten musikk- og handverksproduksjon i Noreg.