Akselberg, Gunnstein Nordisk dialektologi (8270993816)
I august 2002 blei Sjuande nordiske dialektologkonferansen halden på Voss med Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen som arrangør. Nokre av dei faglege fruktene av konferansen kjem i denne boka. Emna som blir tekne opp, spenner vidt. Dialektologien i Norden i dag tek opp både leksikologi, syntaks, morfologi, fonologi, fonetikk og sosiolingvistikk. Også vitskapsteoretiske emne vert drøfta. Emnet dialektendring er sentralt i nordisk talemålsgransking og eit gjennomgangstema idenne boka. Har litteraturlister.