Aksnes, Liv Marit Tid for tale (8202269938)
Tid for taleer ei innføringsbok i munnleg kommunikasjon i skolen, med hovudvekt på dei fire sjangrane 'opplesing', 'forteljing', tale' og 'samtale'. Med retorikken som teoretisk og didaktisk fundament, syner forfattaren korleis ein konkret kan arbeide med munnlege tekstar i norskfaget.
Den nye utgåva av
Tid for taleer gjennomrevidert i forhold til ny læreplan, med tettare innarbeidde analyseeksempel og med nyskrive innhald om vurdering av munnlege ferdigheiter. Boka passar til både teori- og tekstpensum i munnlegdelen av norsk i lærarutdanninga og til sjølvstudium for lærarar. Her finn ein praktiske tips, omgrepsforklaringar, ei rekkje arbeidsoppgåver og grundige opplegg for korleis ein kan vurdere ulike munnlege sjangrar.
Teksteksempla finst i lydform på ein CD med same tittel som boka - eit svært nyttig supplement for både studentar og lærarar. Klikk på lenka til høgre for å sjå og høyre korleis lydeksempla kan brukast saman med boka!