menu-bar All the categories

199,00 kr 173,00 kr

Ustyrteleg underhaldande dagbok. Aurora synest livet er så ur-kjedeleg at ho bestemmer seg for å skrive dagbok. Ho meiner at ingenting skjer, men lesaren ler høgt av gjenkjenning når ho skriv om dei irriterande systrene sine, den teite faren, den nysgjerrige bestemora, den håplause lærarinna og den smellvakre guten ho ikkje veit namnet på. For denne fjortenårige forteljaren har ein vittig og sarkastisk penn, og ho er ein uskuldig tenåringshybrid mellom Nemi og Bridget Jones. Dette er ei intelligent, sjarmerande og underhaldande bok for tenåringar og dei som lengtar etter å bli det!