menu-bar All the categories

119,00 kr

Det enkle er veldig fint, og eg har alltid likt når mine favorittartistar syng ein låt berre med seg sjølv og gitaren. Oppigjennom har eg også gjort dette mykje sjølv. Men mest av andre grunnar enn at nettopp slik skal det vera: Nakent, kun med ord, melodi og gitarkomp – den opprinnelege urgamle trubadurforma. Så hadde det seg slik at eg, etter ein soloturne i vår, fekk lyst til å prøve å spela inn nett på den måten. At eg hadde bygd meg nytt musikkrom i huset og kjøpt ein skamdyr mikrofon var medverkande årsakar. Eg ringde min kamerat og liveteknikar Markus Arnet og spurde om han kunne ta seg litt tid, og så var me i gang. Prøva litt, flytta capoen litt, prøva litt til og så tok me det opp eit par gonger og ferdig med det. Det vart eit knippe med ulike låtar, både av dei eg har brukt mykje, men også stoff eg har laga som eg ikkje har gjeve ut sjølv. Sneik seg med gjorde også ein coverlåt av Lars Winnerbäck som med meg bak mikrofonen fekk namnet ”Om du reiste din veg” . Av andre låtar kan nemnast ”Rosevev” frå Herborg Kråkeviks plate ”Eg og Edith” samt ”Våren” frå albumet ”Guten” som bror min Aasmund gav ut for eit par år sidan. Innspelingane gjorde eg ingenting med før eg sende dei til Universal med eit heilt ope spørsmål om dette kunne vera noko for dei. Det var det. (Sjølvsagt! Kor mange gonger får dei eit albumtilbod med innspelingskostnad på nøyaktig ein underbetalt lydtekninkar frå Bærum i to dagar? ) Mixinga er gjort av Bård Ingebrigtsen i Amper Tone og masteren er Morgan Nicolaysen i Propeller sitt verk. Bileta er tekne av Hans Fredrik Asbjørnsen og omslagsdesignet er av Magnus Rakeng. For ordens skuld: Universal syns det var veldig fint, sa dei. Kva med meg sjølv? Jau, eg syns det blei veldig fint, og syns det er flott å få presentert desse låtane slik som dette. Håpar du også likar det. Berre ein måte å finne ut det på… Odd Nordstoga