menu-bar All the categories

299,00 kr

Kultklassikaren Alice B. Toklas' sjølvbiografi er ei verkelegheitsnær, underhaldande og tørrvittig roman om det spesielle, internasjonale kunstnarmiljøet i Paris i byrjinga av 1900-talet. Gertrude Stein levde store delar av livet i Paris, midt i sentrum av det som på alle måtar var ei viktig historisk og kunstnarisk brytingstid. Verka til Gertrude Stein var i si tid så nyskapande og innovative at enkelte forlag trudde det hadde skjedd feil under maskinskrivinga av manus, men den verkelegheitsnære romanen om livet i Paris og miljøet rundt mange berømte kunstnarar blei ein publikumssuksess. Ved å skildre sitt eige liv gjennom auga til Alice, skapte Stein eit verk så annleis og nytt at det også i dag er overraskande lesnad.Gertrude Stein (1874-1946) var ein frontfigur i den modernistiske litteraturen og ein inspirator for mange kunstnarar og forfattarar i samtida. Ho viser at modernismen, om ofte vert knytt til dystre mannlege forfattarar, også var full av leik, uventa sprell og kvinner s