ALT BRENNER er en bok full av takknemlighet, av lys og mørke. Og det er en omfattende og svært ambisiøs diktsamling. Her står det om å leve i et evig paradoks. Her står det om å slenge ut broer for å lage kontakt mellom punkter som har vanskelig for å høre sammen. Her står det om at alt, absolutt alt, brenner. Her står det om ilden som ødelegger og setter alt i gang. Som tennes når vi blir født og brenner hensynsløst i oss hele livet. På alle måter. Og så brenner den ut. Helge Torvund skriver om skjønnheten i alt som er skapt, og fortrøstningen i det skjønne for den som er oppmerksom og ser. Og magien i at denne gnisten i skapelsen kan overføres via bilde, skrift, lyd til den seende, lyttende, lesende. Og han skriver om liv, død og kjærlighet. "Helge Torvund skriv seg inn i dei folkekjære poetane sine rekker. ... ALT BRENNER er refleksjonar kring elden som vibrerer i alle levande vesen. Og til saman kan desse fire bøkene (les: delene) lesast som ei skissering av eit verdsbilete, der dei fire avgjerande aspektet ved tilværet er kunsten, naturen, den eigne kroppen og dei levande sitt fellesskap i det at dei brenn av den same livselden. ... Dikta er farga av eit vitalistisk syn på tilværet som ein stad der det finst energi ein kan opna seg mot. ... Og ikkje sjeldan dukkar det opp biletsamansetningar som på surrealistisk vis fører heilt uventa element saman. Men uttrykket er så kvardagsleg slentrande, så rotfest i Torvunds liv på Jæren, at formspråket aldri blir framandt. ... Eg trur Torvunds publikum vil ha stor glede av denne boka. Det er så ærleg, så gjennomført følsamt i sitt møte med verda at det er vanskeleg å tenkje seg noko anna." Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen «Torvunds mest omfangsrike og rike diktsamling så langt. ... eksperimenterande og rik og vidtfemnande ... Det klassiske ordet cornucopia, eit overflodshorn, melder seg raskt. Har du problem med denne boka, så må det truleg vera det ein kallar eit luksusproblem. Torvund har kome til eit punkt der han tek alle sjansar: Han gjev alt, heile seg, i skrift. ... For boka er ikkje berre lang, ho er også brei - i tema og tanke, stil og stemning, kjensle- og uttrykksregister. ... Noko av det beste for meg finn eg i bolken der alle dikta byrjar «Alle ventar på ...», fylgde av eit førenamn. Det er helsingar og hyllingar til medmenneske og medkunstnarar, i fortid og notid. Her er dei brå omskifta og hypnotiske kasta verkeleg eit driv og ei kraft.» Erik Lodén i Stavanger Aftenblad (6'er) «Poetisk storverk ... En usedvanlig generøs og åpen samling. Hver lesning gir nye gledeskick.» Arne Hugo Stølan, VG (6-terning) «Når Helge Torvund diktar, tek han utgangspunkt i hegren og myrane i heimlandskapet, Jæren. Det gjer han internasjonal. ... Det som gjer Torvund til ei lyst å lesa, er det faktum at han etablerer ein identitet knytt til eit heimleg landskap: Paletten til Torvund er kjennemerkt ved vidstrekte myrar med majestetiske hegrar, til heimlandet åt forfattaren, Jæren.» Ronny Spaans, Dag og Tid...