Alt det lyse og alt det mørke
Opningsscena er som saksa frå ein tv-serie. Gravide Hildegunn oppsøker mor si, ustabile Vibeke, for første gong på mange år. Slik blir vi kasta inn i forteljinga om Vibeke og hennar oppvekst i ei vestlandsbygd. Gradvis nærmar vi oss ei dramatisk hending som pregar dei begge. Alt det lyse og alt det mørke handlar om å forstå og leve med fortida ? formidla i eit vakkert og sanseleg språk.