Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast
her er arret, her er såret, her er skattemelding og CVher er såre punkt, her er hard hud, her er kviser, cystar og hemoroidar her blir blodet reinsa og her sprekk stemma her er eit skilt over døra, her er andre kroppar velkomne inn her er kjønnshårets løkkeskrift her kjem driten ut her er sjansen til å bli rusmisbrukar og statsminister her kan eg bygge menneske og her kan eg miste dei her er det eg sel: kroppen i sitt endelege og sinnet: uendeleg universet som renn gjennom meg og eg som renn gjennom universetKva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy? I møtet med den største krisa og den lengste natta for menneskja, kva er det manualen for heile eksistensen seier? Han seier at alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast. Dette er det fantastiske og fryktelege med livet som vi kjenner det. Det er unikt, du er unik, og det er fortapt, du er fortapt. Slik rammar Kjersti Wøien Håland inn vår tid og bevissthet i denne diktsamlinga. Og