menu-bar All the categories

179,00 kr 168,00 kr

Medrivande kjærleiksroman i tre generasjonarMorfaren til Mariann, Lluis, valde å forlate kvinna han elska i Marokko. Mor hennar, Maria, valde å følgje den unge arkitekten ho forelska seg i, til Norge. Sjølv forelskar Mariann seg i ein ho ikkje kan få. Korleis taklar ho å bli vald vekk?Alt som er er ein musikalsk og medrivande roman kor vi følgjer ein familie av arkitektar gjennom tre generasjonar. Veggane i den gamle tømmervillaen deira på Vinderen held godt på løyndommane og sanningane om dei som lever der.BRIT BILDØEN er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er òg verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsette til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom andre P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014) og Amalie Skram-prisen i 2020 for heile forfattarskapen.