Alt vel med mor og barn - historier om fødsel
Babyar kjem definitivt ikkje med storken! I denne boka fortel 46 kvinner frå Sørlandet til Svalbard om å føde på vegen, i lufta og til sjøs, om å plukke ti liter molter mens riene herjar, klatre over ras på veg til sjukehus og presse ut ein unge utan å vite at ein var gravid. Dei deler historier om å setje barn til verda midt i ein krig, føde utan straum under ein orkan, kjempe mot smertene mange tusen kilometer frå den ein er mest glad i og måtte sende nyfødde babyar bort i staden for å ha dei på brystet. Dei fortel om å bli mor for tidleg, for seint og når ein eigentleg trudde det ikkje lenger var mogleg. Historiene handlar om Noreg dei siste 70 åra, om korleis det er å leve i vår privilegerte, langstrekte og vêrharde land i nord. Men mest av alt handlar dei om kvinnenes råskap.