menu-bar All the categories

439,00 kr 350,00 kr

Bruken av alternativ terapi aukar stadig i Noreg og andre vestlege land. Annankvar person her til lands nyttar alternativ behandling. Men kva er slik terapi, og kva er den auka bruken uttrykk for? Kva idear og førestillingar er utgangspunkt og motivasjon for at nokre vel å driva med alternativ terapi?I boka Åndeleg helse undersøker Anne Kalvig kva menneske- og livssyn som kjem til uttrykk hos terapeutar som arbeider innan ulike alternative terapiar der spiritualitet inngår. Ni alternative terapeutar reflekterer omkring kva kropp, sjel og ånd er, kva kjønn, sjukdom og liding blir forstått som og kva relevans terapeutisk virke kan ha i eit samfunnsperspektiv. Forfattaren ønsker å visa korleis terapifenomenet, og terapeutane er eit viktig trekk ved den seinmoderne, vestlege kulturen, som Noreg er del av.Boka er tenkt som kjelde til kunnskap for alle som er interesserte i det såkalla alternative innslaget i kulturen. Boka er særleg brukeleg for studentar i samfunns-, kultur- og helsefag, d