menu-bar All the categories

250,00 kr

Modernismen oppstår som kunstnarleg reaksjon på dei nye utfordringane den moderne verda presenterer for menneskja. Desse tilhøva gjer seg først og fremst gjeldande i storbyen, som blir sjølve biletet på moderniteten. I Tarjei Vesaas sin forfattarskap er ein langt frå dei store sentra. Likevel gjennomlever dei sentrale personane eksistensielle kriser av same type som moderniteten har fostra. Derfor er Vesaas bygdemodernist. Og derfor er det naudsynt å gå til modernitetens forklaringsmodellar for å forstå kva det er han skriv om.