menu-bar All the categories

250,00 kr 217,00 kr

Dette er den tredje boka med øvingar. Det to andre bøkene kom ut i 1994 og 2001. Forma er den same, men innhaldet annleis. På same vis som tonen i den andre boka stod tett mot andre bøker i 2001, har denne referansar til bøker og andre arbeid frå 2012. Engelsk utgåve kom i 2012. Legg ei eventyrbok og ei astrofysikkbok på bordet framføre deg. Opne eventyrboka på gløtt og stikk den eine handa di inni boka. Opne så astrofysikkboka og stikk den andre handa inn i den. Lag ein rotete og meiningslaus plan. Realiser planen. Set ei blomsterpotte med jord i vindaugskarmen din. Grav ned ein liten globus. Gi den godt med vatn og sollys. Ta med deg ein sylindrisk glasvase ned til ei strand. Fyll vasen med vatn og stikk den eine handa di varsamt ned i vatnet. La handa danse i vatnet.