Året er 2013, psykiater Samuel Ølnes bur i Hollendergata 2 på Grønland. 'Ein gong ved kveldstid hende det at David stod opp frå senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Frå taket fekk han sjå ei kvinne som bada. Kvinna var svært vakker. David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk til svar: 'Det er Batseba, dotter av Eliam og kona til hetitten Uria'. Andre Samuelsbok 11, 2-4 Når kontakten mellom to ikkje er open, men delvis dekt, går det gale - før eller seinare. Det er då det kan skje, at eit menneske som vil godt, gjer vondt. Difor følgjer den vesle vondskapen oss, og difor må me tola at den store vondskapen når oss. Vondskapen finst - kjærleiken finst. Kjærleikens ord er store. Ytringar på sms om lengt er heilage; dei er som ord ved eit altar. Orda er jordsmonnet som kjærleiken veks i. Ordsmonn.