Tankane om skulen og dei ekle jentene i klassen er langt vekke etter at Ane oppdagar ein ny veg. Dette er ei håpefull og vakker forteljing om eit vanskeleg tema. Her er naturen magisk. Dyra i skogen leier Ane på vandring mot ei bedre framtid ved hjelp av ei rekke symbolske spor. Slik finn Ane vegen til si eiga indre kraft.