Simon er i ei livskrise både når det gjeld arbeidet som psykolog og dei forholda han har til fleire kvinner. I suggererande prosa skildrar Fonneland poetisk, klokt og innsiktsfullt Simon sitt liv med foreldra og bror sin, på ein fruktgard tidleg på sekstitalet, via studietid og fram til romanen si notid. Ein uvanleg djuptenkt roman med rik undertekst. Ein roman om relasjonar, om psykologi og filosofi, arv og miljø, kjønnsrollemønster og klimautfordringar, og om naturen som omgjev oss. Anne Karin Fonneland, født i 1956, er forfattar og lærar.