menu-bar All the categories

300,00 kr 261,00 kr

Sidan livet for ein stor del består av å gjera stadig nye feilgrep som me sjeldan lærer noko av, er forsvarstalen den sjangeren me menneske brukar mest, og alltid må beherska dersom me ikkje ynskjer å gå gjennom livet med knekt nase og utslegne tenner både til kvardag og fest. Apologi (gr. apologia), forsvar, forsvarsskrift eller forsvarstale, sett saman av dei greske orda apo- (for-) og logos (tanke, ord, filosofi, fornuft). I utgangspunktet skal då ein apologi levera eit forsvar for fornuftig åtferd, i motsetnad til handlingane våre gjennom livet. Men trass alt - å leva er å gjera store og små feil, som folkevisdomen plar seia. Det er no i alle fall ei trøyst, men om ein no lærer noko av feila, er meir omstridt. Tvisyn - sjølve kjennemerket på den store inspirasjonskjelda A.O. Vinje, som med ujamne mellomrom dukkar opp på og mellom linene i desse tekstane. Talet 13 er sjølvsagt ikkje tilfeldig: Det er jo eit djevelsk dusin. Difor forsvarar eg eit og anna som folk ikkje likar no til d