Oppgjer med morsrolla. Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt første barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillige inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg aleine om dette enorme nye ansvaret. Ho blir ramma av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vere seg sjølv og det å vere mor blir motsetningar, og korleis det å skrive og vere mor samstundes blir umogleg. Likevel er det å skrive heilt nødvendig. Olga Ravn er ein av Danmarks leiande samtidsforfattarar, og med «Arbeidet mitt» går ho lenger i samfunnskritikken sin enn ho har gjort før. Dette er ein roman med prosastykke, dramatikk, dikt, dagboksnotat og journalskriv om den eineståande og grunnleggande eksistensialistiske erfaringa det er å setje barn til verda - ei bok om fødsel, barsel, husarbeid, fødselsdepresjon, katastrofetankar og shopping. Olga Ravn fekk Politikens litteraturpris for romanen i 2020. Til norsk ved Inger Bråtveit. Sagt om Mit arbejde (2020): Terningkast fem. «Tittelen er først tvitydig; arbeid og identitet er ikkje einstydande. Arbeid er noko ein kan gå til og frå utan å legge sjela si i det. Noko som er uhøyrt for myten knytt til det å vere mor. [...] Sakte [...] verkar det som Anna og eget aksepterer at ein kan vere ei mor som ikkje sjølv må døy for å gi liv til barnet. At ein ikkje er eitt med barnet.» - Marie Louise Wedel Bruun, Berlingske