Arbeidsmiljø og dokumentasjon
Bygg- og anleggsteknikk Vg1 frå Fagbokforlaget kjem no i tredje utgåve og har fått struktur etter ny læreplan: Yrkesutøving, Arbeidsmiljø og dokumentasjon og Teknologi og kommunikasjon. Verket har ein fleksibel struktur som gjer at læraren kan differensiere både med tanke på nivå og interesse. Alle dei 27 yrka blir grundig presenterte med sentrale arbeidsoppgåver, verktøy, materiale og ikkje minst grensesnitt til andre yrke. Alle yrka blir plasserte innanfor sitt tilhøyrande Vg2-område, og tekstane har god visuell støtte i figurar, bilete og illustrasjonar. Det er lagt vekt på å introdusere fagomgrep tidleg for å sikre god forståing og grunnlag for refleksjon. Gjennom arbeid med oppgåver, både i bok og digitalt, blir elevane trena i grunnleggjande ferdigheiter og tverrfaglege tema. Kjerneelementa dannar strukturen i verket og blir behandla tematisk både i fagtekst og oppgåver. Læreverket består av: Tre lærebøker i trykt og digital utgåve (d-bok og Brettbok) Nettressurs for elev med vis