Årringar markerar ein livssyklus. Dette er mi tolking av det nordvestlandske året med sine lange vintrar og korte somrar. Årringar er ei meditativ reise gjennom årstidene med eit ekko av farne tider. Med norsk folkemusikk i ryggmargen ynskjer eg å tolke tradisjonen inn i ei moderne klangverd. Sigurd Hole er gjesteartist på kontrabass. Alle komposisjonar og arrangement gjort av Frøholm og Hole. På spor 6, 9, 10 og 11 hentar eg inspirasjon frå tradisjonelle folketonar heimanfrå. Dette er «Gammel bryllupssang» etter O.P.M. Blindheim frå Sykkylven, «O’ sjelehyrde» etter Elling Seljeset frå Hornindal, «Folketone frå Nordfjord», og «Dei sterke ord» etter Elling Seljeset.