Askeland, Gurid Aga Kritisk refleksjon i sosialt arbeid (8215018882)
Kritisk refleksjon i sosialt arbeid gjev ei teoretisk innføring i kritisk refleksjon. Forfattarane viser korleis praktikarar og forskarar saman har utvikla kunnskap gjennom kritisk refleksjon over eige arbeid.
I dagligtale vert orda refleksjon og kritisk refleksjon ofte brukt synonymt. Det kritiske i denne samanhengen viser til kritisk teori. Tema som makt og samspelet mellom individ og samfunn er sentrale i kritisk teori, og dei går att i den kritiske refleksjonen.
Ideen med kritisk refleksjon er å læra av praksis og la den nye kunnskapen føra til endring. Dette kan bidra til å knyta teoretisk og etisk innsikt saman med kjensler og praktisk erfaring. Boka kan inspirera til å integrera kritisk refleksjon i daglig praksis, både hos den enkelte praktikaren, i kollegafellesskapet og på organisasjonsplan.
Målgruppene for boka er studentar ved sosialarbeidarutdanningane og andre velferdsutdanningar, tilsette og medforskarar i praksisfeltet, og brukarar og brukarorganisasjonar.
HUSK (Høgskole- og universitetssosialkontor) har vore eit femårig forsøk frå 2006-2011 for å utvikla nye, forpliktande og likeverdige samarbeidsformer mellom forsking, utdanning, praksis og brukarar i sosialtenesta/Nav. Arbeids- og velferdsdirektoratet har finansiert og hatt det overordna ansvaret for HUSK.
Gurid Aga Askeland er sosionom og førsteamanuensis ved Diakonhjemmet høgskole, Institutt for sosialt arbeid og familieterapi.