Askeland, Ingeborg Margretesirkelen (8243010041)
Inga er fødd med kunstnarevner som ikkje blir verdsett i oppveksten på kongsgarden Luro nord for Bergen på 1300-talet. Då Svartedauden kjem til gards, rømmer ho til Bjørgvin. Ho blir teken inn i eit hemmeleg laug av kvinner i byen. Dei samlar seg om trua på St. Margrete, den norske prinsessa som vart brend på bålet i Bjørgvin i 1301. Kvinnene i lauget står saman i striden mot pesten og alt vondt som kjem etter. Det opnar seg ei ny verd for Inga kor ho finn rom for både kjærleik og skaparkraft.
Margretesirkelen er ein historisk roman om kjærleik og vondskap i ei tid med pest og oppløysing, om korleis eit hemmeleg fellesskap av kvinner skaper lys og framtidstru i ei mørk tid.