Aareskjold skriver kvinnene inn i vikingtidshistorien igjen - på deres egne premisser. Medrivende fortellerkunst med aktivistisk gnist.Carline Tromp, KlassekampenEit levande, breitt og personleg farga kulturbilete. Jorunn Hareide, Dag og TidTerningkast 5Gaute Ulvik Haugan, Trønder- AvisaKva er det alle kvinner vil ha? I forteljingane frå vikingtida er svaret enkelt: Alle kvinner vil ha ære. Dess stoltare ei kvinne er, dess meir attraktiv er ho for mennene, sjølv om ho stiller så høge krav at det går på livet laus. Olav Tryggvason, som all sin dag var avhengig av å ha kvinnene på si side, blei berga gjennom spedbarnstida av ei snarrådig mor, nådde vaksen alder ved hjelp av ei klok fostermor og fekk styringa over Noreg på grunn av søster si. Men fordi han trakka på æra til Sigrid Storråde, hamna han i slaget ved Svolder, der han stupte i sjøen og forsvann.