Nikolai Astrup (1880-1928) er rekna som ein av dei største og mest folkekjære norske kunstnarane. Dei fleste av bileta hans skildrar heimbygda Jølster med mektig natur, frodig blomstring, gamle tun og folk i arbeid. Astrup var ein sentral Vestlandsmålar, fargesterk, intens, mytisk og gripande. Astruptunet, heimen og småbruket til kunstnaren, er i dag museum. Denne vegvisaren fortel om livet og kunsten til Nikolai Astrup, om Astruptunet og om Jølster på Astrup si tid. Vegvisaren inneheld over 100 illustrasjonar, av dette vel 50 av Nikolai Astrup sine viktigaste kunstverk, både måleri, teikningar og tresnitt. Bli med på ei kunstreise i Jølster!