menu-bar All the categories

250,00 kr 217,00 kr

Austegdelaget har betydd mykje for dei som har vore så heldige å få vere med, for Arendal og for distriktet. På det meste kom 250 deltakarar på folkedanskurs på ein kveld! Austegdelaget barneleikarring i 1962, og på 1950-talet var det store teatersuksessar. I fleire år før og etter andre verdskrigen var laget fast vertskap for fest for fylkestinget. I heile 28 år, frå 1935 til 1963, var det både kaffistove og bondeheim på Torvet. Under krigen hadde laget folkedanskurs, med dans som motstandsarbeid. I tillegg var fleire av medlemmene aktive i illegalt arbeid. Få har som Austegdelaget sett farge på folketoga 17. mai. Innanlands og utanlands har leikarringen i mange år vore blant Arendals fremste ambassadørar. Laget har vore viktig for Åmli-bunaden. Og da Kjæmpestaden blei starta i 2005, stod Austegdelaget klare i ballkjoler og pene dressar, og imponerte med stildans. Det ligg ein grunntanke i heile dette arbeidet: Eit menneske er ikkje berre kva det er født til å vere, men kva det veks s