Edvard Hoems roman Ave Eva er ein moderne norsk klassikar. Med rik og målande penn teiknar Hoem her eit stykke samtidshistorie ? der han angrip det manglande økologiske medvitet som set natur og tradisjon på spel for oljens skyld. Miltons Paradise Lost peikar mot eit grunntema for boka, og er òg ein integrert del av handlinga. Hovudpersonen Edmund Saknevik vender tilbake til odelsgården på Vestlandet for å gjere den til livsverket sitt, men må erfare at idealisme ikkje er tilrekkeleg.