Arnfinn Haram treivst i den mjuk-kvite munkekappa si, om så var på Skavlan, og den blodraude blyanten hans fór rundt som ein profet kledt i eit moderne språk, om det så var i Klassekampen eller Vårt Land; ei essay- og artikkelsamling vart innkjøpt av Kulturrådet. Då han brått døde i 2012 var førebuingane til ei diktsamling godt i gang, og Eskil Skjeldal og Ronny Spaans har ført arbeidet fram. I «Babylonsk Harpe» syner diktaren gleda og kampen sin i horisontale relasjonar og framfor Gud. Vi kjem han nær på ein heilt annan måte enn i prosaen hans, og dei mystiske draga ligg som understraumar i dikta. Samstundes er det ei jordfesta samling, tydeleg prega av diktaren sin store kjærleik til naturen. I etterordet skriv kulturredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås, meir om Harams engasjement og trekkjer blant anna vekslar på sine djupe kunnskapar om Olav H. Hauge.