Ein dag i 1973 reiste Johannes Bakken seg frå frukostbordet, sette døra halvopen etter seg og kom aldri meir tilbake til Bakken. Han var den siste som vandra ned frå fjellheimen i Lysefjorden. Dette er først og fremst den gripande historia om søskenparet Gjertrud og Johannes som budde heile livet i lag på Bakken: den dyrekjære Gjertrud . og Johannes, denne vidunderlege og merkelege krysninga av bonde, fjellmann, vitskapsmann, diktar, tenkjar og tusenkunstnar. Men det er også forteljinga om livet på ein einbølt fjellgard, om dei mest ufattelege krav det sette til folket som budde det . og om kva det vil seie å vere bunden til garden og ætta når draumane kanskje er heilt andre.