Bakterieinfeksjonar hos produksjonsdyr
Boka Bakterieinfeksjonar hos produksjonsdyr er utarbeidd først og fremst som ei lærebok for norske veterinærstudentar, særleg i den kliniske delen av studiet. Det var stort behov for ei oppdatert lærebok på området med norsk språk og bygd på norske tilhøve. Boka kan òg vera nyttig for dyreeigarar, dyrepleiarar og andre som arbeider med dyrehelse. To norske kompendium i bakterieinfeksjonar av Magne Aas Hansen med tilsvarande formål vart sist reviderte i 1990. Boka har først ei innleiing og ein generell omtale av bakterieinfeksjonar. Deretter vert dei einskilde bakteriane kort omtalte med opplysningar om sjukdom dei kan indusera. Boka omfattar både gram-positive og gram-negative bakteriar i alfabetisk rekkefølgje. Boka inneheld eit stikkordregister og tabellar over aktuelle bakterieinfeksjonar hos høvesvis storfe, gris og småfe. Forfattaren Torleiv Løken var fram til 2013 professor ved Norges veterinærhøgskole i indremedisin hos produksjonsdyr. Han hadde ansvar for undervising, som inklu