Den kjende fotografen Knut Bry har vitja Balestrand med hengekøya si og trava nyfikent rundt i snø og grøne enger med eit kamera i handa. No blir det bok av det. Bry og forfattar Idun A. Husabø har prøvd å få auge på dagens Balestrand for å fortelje nye historier om bygda.