menu-bar All the categories

239,00 kr 209,00 kr

Mykje meir enn ein fotballklubb. FC Barcelona er ein av verdas største og mest populære fotballklubbar. Over heile verda går folk med fotballtrøyer med Messi, Xavi og Iniesta på ryggen. Klubben er ei global merkevare og eit viktig symbol på katalansk identitet. Og ulikt dei fleste store fotballklubbar er FC Barcelona eigd og styrt av klubbmedlemmene. I boka Barça. I kamp sidan 1899 går forskaren og fotballentusiasten Johannes Nymark på jakt etter klubben sin eigenart. Han fortel levande og kunnskapsrikt om kvifor el Barça er annleis enn andre fotballag og korleis klubben er knytt til katalansk politikk, kultur og samfunn. Området stod tidleg for modernitet, fridom, demokrati og kosmopolitisme, som også blei berebjelkar for FC Barcelona sin identitet. Nymark viser gjennom sentrale personar i klubben, mellom andre Cruyff, Maradona, Messi og Guardiola, korleis klubben har fått den identiteten katalanarane i dag forbinder med el Barça. Men kva gjer den nye økonomien med FC Barcelona si opp