I denne boka trekkjer forfattaren opp hovudlinjene i barndomshistorisk forsking frå Philippe Aries banebrytande verk Barndommens historie i 1960, og fram til i dag. Historisk sett har barnet hatt tre hovudarenaer: familien, arbeidet og skolen. Med utgangspunkt i desse arenaene viser forfattaren korleis oppfatningane av barndomen har endra seg i dei siste hundreåra og i den vestlege kulturkretsen og korleis det har skjedd forskyvingar i barnas deltaking mellom dei tre arenaene.