menu-bar All the categories

390,00 kr 339,00 kr

Dette er historia om ei nestan gløymt og i ettertida lite påakta del av kulturhistoria. Soga om den norske barnegjetaren. Frå mellomalderen og fram til mellomkrigstida var det tusenvis av born sitt pålagte arbeid å ta ansvar for husdyra på utmarksbeite. I alle typar terreng og i alt slags ver, gjekk det born på gjeting. Dei hadde ei lita eller ingen løn, kunne møte på større rovdyr, og dei var utan det «sikkerheitsnettet» som ein i dag prøvar å spinne kring kvar ein barndom. Gjetarborna fekk ikkje vere born i ei meir moderne forståing av kva ein barndom er. Dei var barnearbeidarar i eit haustingsbasert jordbruk som brukte utmarka som garden si forlenga arm. Fortidas gjetarungar i Noreg og dagens barnearbeidarar i mange land har meir til felles enn kva forfedrane og dagens born i Noreg har. I boka kan du lese om betingelsane og vilkåra bak ein førmoderne barndom i eit jordbruksbasert samfunn. Innhausting og utmarksbruk var ein sentral del av gardsdrifta. Boka omhandlar fattigdomsproblem