menu-bar All the categories

369,00 kr

Den norske barnehagesektoren er kjenneteikna av at kommunale og ei rad ulike private aktørar driv barnehagar. Somme av dei er svært store og ressurssterke, medan andre er nokså små. Er dei også ulike når det gjeld tilnærminga dei har til barnehageverksemd? Har dei ulike verdigrunnlag, vektleggingar, konkurransetilnærmingar eller syn på korleis barnehagen skal knytast til oppvekstfeltet elles? Legg dei ulike organisatoriske rammevilkår for profesjonell autonomi og fagleg utvikling?Dei private aktørane er ikkje fullt ut underlagt offentleg styring, samstundes er dei avhengige av kommunal godkjenning og finansiering. Sektoren er med andre ord i stor grad prega av nettverksstyring, der aktørane har stor fridom i utforminga av tilbodet og i korleis dei vil samarbeida med andre. Denne boka bidreg til innsikt i korleis denne nettverksstyringa fungerer, og korleis den verkar inn på barnehagetilbodet. Boka gjer bruk av empiri frå to prosjekt finansiert av Norges forskningsråd, SOL-prosjektet (S