Dette er ei bok om tradisjonsbåtar i Møre og Romsdal. Her har sjøen og aktivitetar knytte til den vore viktigaste næringsveg, og knapt noko anna fylke har eit så rikhaldig utval av tradisjonsbåtar. Denne boka er ein oppfølgjar til boka «Å tenkje geitbåt og byggje ein» (2014), som først og fremst tok for seg geitbåten ut frå prinsippet om at alle mål bor i færingen. Den gåtefulle snidbetningen blir presentert i denne boka. Etter at desse to gamle båttypane geitbåt og snidbetning gjekk ut av produksjon, fekk vi mange nye typar og variantar: lystringar, møringar, flatbotningar, prammar, doryar og fleire slags notbåtar, kravellbygde fiskebåtar og klinkbygde motorbåtar. Dei tre store elvane i fylket hadde dessutan kvar sine elvebåtar. Vi følgjer fire båttypar gjennom heile byggjeprosessen: nordmørslystring, flatbotna pram, beingangar og kravellbygd fiskebåt. Dei største båtbyggjarbygdene i Møre og Romsdal var Vestnes og Tresfjord. Vi får glimt frå det eventyret i denne boka. Byggjetempoet k