Denne boka set geitbåten inn i ulike samanhengar. Geitbåten representerer ein måte å rekne og måle på. Vi kallar det gjerne posisjonsbyggjeri. Geitbåtbyggjaren held seg ikkje til plane projeksjonar, men til koordinatar i ein romleg abstraksjon. Geitbåten står for eit omfattande system av storleikar. Vi har ikkje tal på kor mange. Det er glidande overgangar frå dei minste til dei største. Hovudstorleikane er trebandsfæring (to par årer), melfæring (to par årer og midtirom = mel), trerøring (tre par årer), fyring (fire par årer), femring (fem par årer), seksring (seks par årer), sjurøring (sju par årer), åttring (åtte par årer) og sambøring, som er ein stor føringsbåt. Båtane kan vera tilpassa ulike føremål, og det kan vera meir eller mindre tydeleg kva dette er. Vanlege brukstilpassingar er desse: ærendsbåt, allsidig bruksbåt, kastarbåt (for fiske med snøre), skyssbåt, linebåt, sildegarnsbåt, torskegarnsbåt, sildenotbåt, aurenotbåt, føringsbåt, kyrkjebåt og krøtterbåt. Det har jamvel fu