menu-bar All the categories

278,00 kr

Mange bøker handlar om korleis kunnskap tek til - om læring. Denne boka handlar meir om at kunnskap kan ta slutt eller kome til kort - at kunnskapen kan miste kontaktar i verda og tape bruksverdi i livet til den som eig kunnskapen.

Når kunnskap er stadfesta eller sikra med ulike sterke band, kan kunnskapen få personleg berekraft. I motsett fall kan kunnskapen både bli einsam og keisam eller han kan bli uskarp, ukritisk, feig eller lat.
Det kostar å halde seg med kunnskap. Og det å vere kunnskapsrik er ikkje eit spørsmål om kvantitet, men om kvalitet. Utdanning er berre ei halv forsikring for eit langt og vitalt kunnskapsliv. I eit samfunn der kunnskapskrava endrar seg radikalt gjennom livsløpet, kan vernet om kunnskapsgleda hos vaksne vere like viktig som det å fremje læringslysta hos dei unge, hevdar forfattaren.
Boka tilbyr ulike teoretiske perspektiv på kva det vil seie å forvalte personleg kunnskap på ein god måte. Ansvaret for ei slik forvalting er ikkje først og fremst ei sak for profesjonelle pedagogar, men gjeld den enkelte i sitt eige kunnskapsunivers. Den som vil .gjere inspeksjonar i eige kunnskapsliv, og som kanskje strevar med å skjøtte relasjonar til personlege objekt for kunnskap i kvardagen eller i arbeidslivet, kan ha godt av å lese denne boka.