Ein tidligare lærar og tobarnsfar har mista alt og klarer ikkje leve lenger. Ein sjømann bankar opp ein kollega som hevdar at kona hans er utru, og blir sendt i land. Ein seksuelt frustrert småbarnsfar innleiar eit forhold til ungdomskjærasten. Ein einsleg bonde tek seg ei postordrebrud og endar med å drikke seg frå gard og grunn. Nevøen hans tek eit sabbatsår for å skrive og flyttar inn på garden. Det bringer tilbake minne om ein skjebnesvanger sumar for tjue år sidan. Alle dei ni novellene i Bøen utspeler seg i ei lita bygd i Noreg ein plass. Dei handlar om vanlege menneske som står overfor dramatiske val, og om korleis alt som ikkje blir sagt, kan få uana konsekvensar.