menu-bar All the categories

475,00 kr 379,00 kr

Berekraftig verdiskaping er ein vitskapleg antologi som gjennom ulike case har til formål å syne kva berekraftig verdiskaping er. Boka er relevant for fleire grupper av lesarar, mellom anna avgjerdstakarar innan politikk, forvaltning og privat næringsliv. Antologien vil òg kunne nyttast som pensum i fag innan økonomi, fornybar energi og samfunnsansvar. Leif Longvanes (fødd 1965) er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet og underviser i organisasjons- og leiingsfag. Longvanes har tidlegare hatt leiarstillingar i Trygdeetaten og har vore dekan og instituttleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Longvanes er Master of Public Administration frå Copenhagen Business School og har forskingsinteresser innan organisasjon og leiing. Torbjørn Årethun (fødd 1964) er samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo og dosent i samfunnsøkonomi ved Høgskulen på Vestlandet. Han har bakgrunn frå oppdragsforsking og offentleg forvalting. Hans faglege interesseområde er regional utvikling, entreprenørlyst hjå