menu-bar All the categories

349,00 kr 303,00 kr

I skvis mellom to supermakter. I 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to, i eit kapitalistisk Vest-Tyskland og eit kommunistisk Aust-Tyskland. Berlin blei liggjande inne i Aust-Tyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei byen fysisk delt av den 45 kilometer lange Berlinmuren. Berlin blei ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989. Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då Berlin låg i skvis mellom supermaktene. Ho har valt historier som går rett inn i dei mest brennbare konfliktane. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og stort personleg mot. Mange historier handlar om å byte side. Vi møter blant andre Hartmut Richter, som ei augustnatt i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og seinare blei menneskesmuglar eller flukthjelpar. V