menu-bar All the categories

249,00 kr

I 1945 var Tyskland knust både militært, politisk og moralsk. Berlin låg i ruinar. Frå 1949 var landet delt i to. Berlin blei liggande inne i Aust-Tyskland, og blei også delt i aust og vest. I 1961 blei den 45 kilometer lange Berlinmuren bygd. Berlin var ein front i den kalde krigen fram til muren fall i 1989. Journalist og historikar Astrid Sverresdotter Dypvik har møtt menneske som fortel om korleis det var å leve i Berlin i dei vel 40 åra då byen låg i skvis mellom supermaktene. Vi møter blant andre Hartmut Richter som i 1966 hoppa uti Teltowkanalen i Berlin, rømte frå aust til vest og blei seinare flukthjelpar. Vi møter Peter Brandt, sonen til Willy Brandt, som deltok i det vesttyske 68-opprøret. Vi råkøyrer med tidlegare Stasi-agent Werner Stiller, i dag Peter Fischer, som ei tid var blant dei mest ettersøkte i DDR. Dette er historia om den kalde krigen i Berlin fortald gjennom einskildmenneske. Det handlar om hemmelege fangeleirar, spionasje, grenselaust svik, om muren, flukt og