«Dekningsloven § 2-2» er ei framstilling av beslagsretten til kreditorane.Boka tek for seg beslagsretten i den dynamiske fasen der formuesgode eller rettar er i ferd med å skifte eigar eller rettshavar - eller har gjort det. Verdiane er enten på veg inn i, forbi eller ut av formuessfæren til debitor. Reglane om beslagsretten til kreditorane blir drøfta særskilt for ulike konfliktsituasjonar («heimelkonflikten» og «suksesjonskonflikten»), ulike rettsstiftingar (eigedomsrett, panterett osb.), ulike formuesgode (fast eigedom, lausøyre, aksjar osb.) og ulike ervervsmåtar (avtale, arv, kreditorbeslag osb.).