menu-bar All the categories

199,00 kr 174,00 kr

Engasjerande om flukt og handlekraft. Tony er på sommarferie hos bestefaren sin saman med kusina si, Silja. Alt skal vere som vanleg, men ingenting er det. Eit asylbarn er meldt sakna, og alle trur barnet er drukna. Men kva er det som går føre seg på loftet til bestefar? Og kven held kva skjult? Tony opplever for første gong sjølv å måtte finne ut kva som er rett og gale, og han må bokstavleg tala stupe uti. Forfattar Erna Osland og illustratør Sigbjørn Lilleng har i tekst og bilete laga ein lettlesen illustrert roman om rett og gale og det imellom. Utvikla i samarbeid med Leser søker bok.